Épisodes

  • Kva er ein sparebank?
    Feb 17 2025
    Ei utforsking av særtrekk ved sparebankar i tid og rom. Kvifor byrja Morten og Lars Fredrik på kvart sitt vis å interessera seg for slike bankar? Kva særmerkjer sparebankanes sjel – og korleis artar sjelevandring i Sparebank-Noreg seg?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Voir plus Voir moins
    31 min
  • Det store hamskiftet i Sparebank-Noreg
    Feb 17 2025

    Med Hallvard Klakegg, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Sparebankane vert færre og færre –og større og større. Samstundes veks sparebankstiftingane opp og fram. Kvifor det? Og kva gjer dei eigentleg?



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Voir plus Voir moins
    34 min
  • Sparebankane som desentraliserte pengeprodusentar
    Feb 17 2025
    Noregs Bank har einerett på å slå mynt og utferda pengesetlar. Men kontantar i dag liknar på dueungar: Vi veit at dei finst, men vi ser dei aldri. For moderne pengar er fyrst og fremst kontopengar – som også blir produsert av sparebankane. Korleis fungerer sparebankane som digitale setelpresser?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Voir plus Voir moins
    35 min
  • G for gåveinstituttet
    Feb 17 2025
    Med Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre. Sparebankane vart oppretta for å driva med bankverksemd. Men så byrja dei smått om senn å gje gåver – eller samfunnsutbytte. Kor viktig er dette gåveinstituttet – både politisk og ideologisk?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Voir plus Voir moins
    32 min
  • Profitt og samfunnsansvar, hand i hand
    Feb 17 2025
    Med Marie Sneve Martinussen, partileiar i Raudt. Alle bankar må gå med overskot. Men bankar er også eit fellesgode på line med elektrisitets- og vassforsyning – samfunnskritisk infrastruktur. Kva er samfunnsrolla til sparebankar i dag, ved sida av konvensjonell profittmaksimering?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Voir plus Voir moins
    38 min
  • Sikker som banken?
    Feb 17 2025
    Ordet sparebank gjev assosiasjonar til både 1800-talet, omfattande strukturendringar – og teknologiske brukargrensesnitt. Morten og Lars Fredrik rundar av med spekulering om Alexander Hamilton, bitcoin, bankarkitektur og Ludwig Mies van der Rohe.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Voir plus Voir moins
    28 min